Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer

Barnehagetilbod for barn med nedsett funksjonsevne

Eit barn med nedsett funksjonsevne har rett til same barnehagetilbod som andre barn. 

Tenesteomtale

Barnehagen vil gjere ei vurdering, saman med foreldra, om kva barnet eventuelt treng av tilrettelegging. Barnehagen kan leggje til rette for barn med nedsett funksjonsevne på forskjellige måtar:
  • tilpassingar av barnehagebygget
  • forskjellig utstyr
  • ekstra bemanning
  • opplæring av tilsett

Målgruppe

Barn i barnehage, barn med nedsett funksjonsevne.

Kriterium/vilkår

Eit barn har rett til eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod dersom barnet har tilretteleggingsbehov på grunn av nedsett funksjonsevne.
 
Dersom den nødvendige tilrettelegginga er ei stor økonomisk byrde for barnehagen, kan barnet få tilbod om plass i ein annan barnehage.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt barnehagelova § 37.

Barnehageloven
Forvaltningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Både kommunen og barnehagen er ansvarlege for å vurdere om barnet har behov for tilrettelegging, men du som forelder kan også ta initiativ til at barnehagen skal starte ei slik vurdering. 

Saksbehandling

Det er ingen lovpålagd søknadsprosedyre for denne tenesta. 
Kommunen gjer ei vurdering av barnet sitt behov og dersom det visar seg at barnet treng tilrettelegging, fattar kommunen eit vedtak om det.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogeleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det vert anteke at vedtaket vert fatta.

Høve til å klage

Når kommunen har fatta eit enkeltvedtak, utløyser dette ein rett til å klage. Dersom du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerd Oppretthalden, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Tenesta oppdatert: 05.10.2021 17:40