22. jan. 2021 kl. 15:38

Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer

Barnehage – eit trygt og godt barnehagemiljø

Barna skal ha det trygt og godt i barnehagen, sjå fram til å gå i barnehagen og oppleve å vere ein del av fellesskapet. 

Tenesteomtale

Også i barnehagen kan barn oppleve krenkjande åtferd. Dersom barnet din gong på gong opplever å bli halde utanfor eller bli erta, kan det kallast for mobbing. Då kan du melde frå til leiinga til barnehagen. Barnehagen pliktar å ta tak i saka umiddelbart.
Mobbing i barnehagen kan vere handlingar frå vaksne eller andre barn som gjer at barnet ikkje kjenner seg som ein del av fellesskapet. Det er ikkje så lett å få barnet til å fortelje, men her er ei liste over spørsmål du kan stille deg:
  • Viser barnet glede over å vere i barnehagen?
  • Kva fortel barnet heime om barnehagen?
  • Verkar det som om barnet ditt har venner i barnehagen?
  • Verkar som om barnet ditt kjenner seg trygg i barnehagen?
  • Fortel barnet om leik og morosame opplevingar?
  • Er dei vaksne i barnehagen oppteken av korleis barnet ditt har det i barnehagen?

Målgruppe

Foreldre til barn i barnehagen.

Kriterium/vilkår

I barnehagen skal det vere nulltoleranse for krenkjande åtferd, som utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt barnehagelova §§ 41, 42 og 43.

Barnehageloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Barnehagen skal førebyggje krenkjande åtferd og skal jobbe kontinuerleg med å fremje helse, trivsel, leik og læring.
Alle som jobbar i barnehagen skal gripe inn umiddelbart dersom dei ser eit barn som blir utsett for krenkingar. 
Dersom det er du som foreldre/føresett som melder inn til barnehagen, kan du gjere det til leiinga til barnehagen. Leiinga til barnehagen skal straks undersøkje saka og så godt som mogeleg, setje inn tiltak som vil forbetre situasjonen.
Samtidig vil barnehagen lage ein skriftleg plan. I planen skal det stå:
  1. kva problem tiltaka skal løyse
  2. kva tiltak barnehagen har planlagt
  3. når tiltaka skal gjennomførast
  4. kven som skal gjennomføre tiltaka
  5. når tiltaka skal evaluerast.

Høve til å klage

Er du misfornøgd med forhold i barnehagen kan du ta det opp med leiinga til barnehagen.  Det er leiinga til barnehagen som er ansvarleg for tilbodet, og som skal samarbeide med alle foreldre.
Du kan også sende ei skriftleg klage til kommunen.

Tenesta oppdatert: 04.01.2021 20:04