hands-g49240a06e_1920

Vil du vere med i Tysnes ungdomsråd?

Val av nye medlemmar til Tysnes ungdomsråd skjer i kommunestyremøtet 22. september 2022. Frist for å søkje eller føreslå nye medlemmar er 14. september.

Alle kommunar i Noreg skal ha eit ungdomsråd. 

I rådet skal ungdommane arbeide fram eigne saker og ta initiativ til å komma med uttale i saker som er oppe til politisk handsaming i kommunen. Rådet har rett til å uttale seg i saker som gjeld ungdom.

Det er kommunestyret som vedtek kor mange medlemer ungdomsrådet skal ha, og som vel rådet. I Tysnes skal kommunestyret velje nye medlemmar 22. september.

Ungdomsrådet konstituerer seg på fyrste rådsmøte, med leiar og nestleiar og fordeler sjølve andre roller. Ungdomsrådet skal ha ein valperiode på inntil to år. Dei som skal veljast må vere mellom 12 og 18 år på valtidspunktet.

Me ber om at dei som ønskjer å vere med, eller å nominere nokon, gjer det innan fristen 14. september.

Skriv ein kort søknad med kvifor du ønskjer å vere med. Send den til anten:

ordfører Kåre Martin Kleppe

eller sekretær for ungdomsrådet Mats Løve Gjersvik

Har du andre spørsmål om ungdomsrådet kan du kontakte sekretæren.