Kart Uggdal bustad rot

Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid

Detaljregulering Uggdal bustadområde

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega areal AS på vegne av Tysnes kommune skal utarbeide forslag til reguleringsplan for bustadområde i Uggdal. Planområdet går fram av vedlagte kart, og omfattar delar av gnr.66 , bnr.4, 6, 101 m.fl.. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Tysnes kommune og Omega areal AS.

Tiltakshavar er Tysnes kommune. I formannskapet saknr PS 77/15 har kommunen vedtatt oppstart av planarbeidet.

Området er i kommuneplanen sin arealdel sett av til bustadføremål og området ned mot Kyrkjevatnet er sett av til LNF-område. Området inngår ikkje i eksisterande reguleringsplanar, men grensar mot eksisterande planar. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for bustadføremål med tilhøyrande funksjonar og eit grøntområdet med turveg ned mot vatnet. Det vil verta regulert inn vegtilkomst, leikeplass mm til bustadeigedomane. Det vil verta vurdert om tilkomstveg skal vere frå eksisterande bustadområde eller om hovudtilkomstveg skal vere frå vest.

Tysnes kommune har vurdert og konkludert med at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing, då reguleringa i hovudsak vil vere i samsvar med kommuneplanen.

For nærare informasjon kan du kontakte Omega areal AS, tlf. 975 40 000.

Eventuelle merknadar til oppstart av planarbeidet kan sendast til Tysnes kommune, Rådhuset, 5685 Uggdal eller post@tysnes.kommune.no - innan 28.12.2015.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å kome med eventuelle merknadar og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Med venleg helsing

Omega areal AS v/Elisabeth Silde