Bilete Planområde

Uggdal bustadområde - kunngjering av godkjend plan.

Kommunestyret har 13.02.2018 med heimel i § 12- 12 i Plan og bygningslova godkjent detaljreguleringsplan for Uggdal bustadområde, del av gnr.66 bnr. 4,6 mfl. med unntak av 4 avgrensa areal langs elv og sjølina der ein skal gå vidare i dialog med NVE for å løyse vurderingar og tiltak mot flaum og erosjon.

Tysnes kommune har gjennom dialog med Fylkesmannen i Hordaland,  avklart at motsegn til desse områda ikkje er til hinder for at resten av plan kan godkjennast.

Areala som skal drøftast vidare er BKB1 (Brannstasjon) BKB2 (Sjø og fritid) samt områda BFS18 og 22.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf. § 1-9 i PBL. med klagefrist 2 veker frå kunngjeringsdato.