Tysnes kommune sin kulturpris for 2023 går til Kari Adele Grønås og Helge Berge Drange.

I 2014 opna Kari og Helge Kulturløo på Drange. I fjøsen på garden var det blitt museum, med om lag 1000 gjenstandar utstilt, dei fleste frå perioden 1850-1950. Mange handverk og yrke var representert med verktøy; blant dei bødtke, smed og skomakar. I tillegg var mange reiskap frå drifta av garden teke vare på.

Samlinga i Kulturløo har stor kulturhistorisk verdi, fordi omtrent alt i utstillinga er laga og brukt av folka på garden. Og her har eg lyst å sitere Helge: Det er ingen som har samla ting her, det er berre ikkje kasta så mykje.

Det gjekk ikkje lang tid etter opninga i 2014, før merkevara «Kulturløo» var innarbeidd, og dei siste 10 åra har Kari og Helge gjennom ulike tilstellingar og arrangement, klart å formidle meir enn 170 år av gardens historie.

I underetasjen av løo har dei plass til å ta imot gjestar og servere mat, og dei arrangerer omvisingar, foredrag og konsertar. Dei tek imot skuleklasser ,lag og foreiningar, eller så skipar dei til ope dag og ulike marknadar. Kvart år lagar dei til arrangement under Kulturminnedagane, og dei sender ut tilbod om hesjekurs på kort varsel når veret om sommaren er dårleg.

Spesielt har Kari og Helge lagt til rette for at barn kan gle seg over eit besøk i løo. I samband med arrangementa dei skipar til, lagar dei natursti, lar barna få møte dyra på garden, og syter for at fjøsnissen er på plass til julemarknaden.

På denne måten klarar dei å nå både ung og gamal med historier om livet på ein vestlandsgard frå 1850 og fram til i dag– og dei klarar å gje tysnesingane kunnskap om eiga fortid og stoltheit over kva dei som gjekk føre oss fekk til med små midlar.

Til slutt vil eg få sitere frå Sunnhordland museum:
Det som gjer denne samlinga spesiell er kor systematisk og katalogisert alt er. Noko som er eit svært godt utgangspunkt for å ta imot besøk. For skuleklassar og turistar er Kulturløo eit skattkammer. Når så eigaren med sin framifrå formidlingsevne får lov til å boltra seg i å formidla den rike historia til garden, så er dette kulturformidling av beste merke.

Prisen får Kari og Helge for deira utrettelege innsats for å ta vare på den store samlinga av verktøy og reiskap frå garden, og for deira innsats for å formidlekunnskap om lokalhistoria frå 1850 og fram til i dag.

Synnøve Bakke, Ordførar 14.12.2023