Kåringa og vurderinga
Dette er fyrste gong alle dei 357 kommunane i landet har blitt vurderte på innsatsen for friluftsliv. Kåringa byggjer på Friluftslivsbarometeret, som ser på 30 indikatorar fordelt på fire tema: friluftslivsaktivitet, tilrettelegging, arealbruk og kommunale planar.
Dei beste kommunane
Vinnaren av kåringa blei Tjeldsund kommune i Troms med 68 poeng, medan Hamarøy kommune i Nordland tok andreplassen med 67 poeng. Med 66 av 100 moglege poeng er Tysnes kommune blant dei kommunane som gjer mest for friluftsliv i landet. At Tysnes kommune plasserer seg blant dei øvste på lista, viser at kommunen har gjort ein solid innsats for friluftsliv.