- IKKJE bruk posar av plast i dunken. T.d. handleposar frå REMA, KIWI, MENY osv
- Glas og metall skal IKKJE i biodunken.
- Unngå varm mat/smør i bioposen, dette svekkjar kvaliteten på posen
- Ta heile biospannet med deg når du skal tøme den i dunken, så unngår du at posen revnar
VINTERDUNKEN
Her er våre tips når kulda set inn:
Bioposane kan fryse fast om dei er våte og for å unngå dette kan du prøve nokre av desse råda:
- Legg litt papir i botnen av posen for å trekke opp fuktighet.
- Bruk eit spann/korg med god gjennomlufting. Dette gjer at fukt fordamper lettare og dette blir så tørt som mogleg før det hamnar i dunken ute.
- Har du flytande matavfall, så hell det på kartong. Kartongar kan kastast i matavfall når dei blir brukte til dette føremålet.
- Legg ein eggekartong i botnen av biodunken. Dette vil hindre posen å fryse fast.
- Ein neve salt i botnen av biodunken kan gjere same nytta.
- La dei første bioposane stå ute nokre timar, slik at desse frys før dei kjem i dunken. (Husk å dekkje til posen når den står ute, så ikkje dyr kjem til).
Andre ting som er greitt å hugse på rundt renovasjon når det nærmar seg jul: Tenk på renovatøren.
Dei tømer fleire hundre dunkar på ein dag og set stor pris på at det er ferdig måka og strødd når dei kjemhttps://sim.as/ditt-avfall/kjeldesortering/bio/tips-til-biodunken/