Penger - Pixabay - fri bruk

Tilskot til kultur - idrett - friluftsliv 2022

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2023

Idrettslag og andre samanslutningar kan søke om tilskot innan desse stønadskategoriane:

• Ordinære anlegg: Normalt tilskot er 1/3 av godkjend kostnad. Turvegar/stigar inntil 50% av godkjent kostnad

• Nærmiljøanlegg: Tilskot 50% av godkjend kostnad inntil kr 300.000,-.

Føresegner, informasjonsmateriell, søknadsskjema hentast på følgjande nettstad og alle søknader skal sendast elektronisk, sjå: www.anleggsregisteret.no

Søknadsfrist: 01.11.22

Før du søkjer, ta kontakt med

Mats Løve Gjersvik: mlg@tysnes.kommune.no, 988 66 973

eller

Morten Anthonessen: morten.anthonessen@tysnes.kommune.no, 922 61 413.

 

 

Tilskot til verna kulturminne i Vestland 2023

 

Eig du eit verneverdig bygg eller anlegg og har planar om å ta vare på dette kan du søkje om tilskot. Vestland fylkeskommune gjev stønad til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg.

Det vert ikkje gitt støtte til tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige, tiltak på freda kulturminne eller ordinært vedlikehald og drift.

Søknadene skal sendast gjennom kommunen.

Søknadsfrist: 01.11.22

Før du søkjer, ta kontakt med:

Mats Løve Gjersvik: mlg@tysnes.kommune.no, 988 66 973.

Søknad sendast til

Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal

eller

E-post: post@tysnes.kommune.no