![Filmen Filmen "Album"](https://img8.custompublish.com/getfile.php/3313831.2288.yyradxrrrc/496f283/5843218_3313831.jpg)
Sundagsakademiet 10 år!
Filmen "Album" - bilete frå ei svunnen tid.
I år er det populære Sundagsakademiet 10 år.
Det vert markert med ei framsyning i Grendatun, der ein viser dokumentarfilmen "Album - en dokumentarfilm om Knud Knudsens bildeverden" frå 2015. Filmen vert følgd av eit foredrag om fotografen Knud Knudsen, som reiste over heile Noreg frå 1860-åra og meir enn nokon annan dokumenterte arbeid og kvardagsliv der han kom, også på Tysnes.
Det vert også markert at arbeidet som no er gjort for å ta vare på den lokalhistoriske biletsamlinga på Tysnes er fullført. Olav Skjellevik vil fortelja historia kring nokre av desse gamle bileta.
Vel møtt til ein annleis filmkveld!
Tid og stad: Sundag 14. februar kl. 17 i Grendatun (merk staden).
Arr. Tysnes folkebibliotek i samarbeid med Tysnes sogelag og Tysnes bygdekvinnelag.