NVE1

Søknad om løyve til å regulere Dalsætervatnet i Tysnes

Solheimsdalen Kraft AS søkjer om løyve etter vassressurslova til å utnytte Dalsætervatnet som reguleringsmagasin for Solheimsdalen kraftverk.

Tiltaksområdet ligg i øvre del av Onarheimvassdraget. Reguleringa vil gje ein årleg økt kraftproduksjon på 1,5 GWh ved Solheimsdalen kraftverk. Dette svarar til straumbruken til om lag 75 husstandar. Søknaden med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn i rådhuset og på NVE sine nettsider www.nve.no/konsesjonssaker fram til høyringsfristen går ut. Om du ønskjer papirutgåve av søknaden, ta kontakt med Knut Magne Dalland på tlf.: 51 63 11 00 / 47 50 11 00 eller e-post: dalland@solheimsdalen-kraft.no. Fråsegn kan sendast oss elektronisk via www.nve.no/konsesjonssaker, per e-post til nve@nve.no eller per post til: NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo innan 21.10.2019.

 

Lenkje til konsesjonssøknad HER