Kumlokk - fri bruk

Slamtømming for heilårsbustader og hytter i Tysnes

Tømming av septiktankar for heilårsbustader og hytter i Tysnes kommune tek til i veke 22 (måndag 30. mai).

Grav fram loket på tanken dersom det ikkje ligg synleg, men ikkje ta av loket. Merk loket med gnr/bnr. (eller hus nr).

Ved tømminga vil septiktanken bli kontrollert for tekniske feil/manglar, og det vil bli sett etter synlege forureiningsproblem med utslepp/ sandfiltergrøfter.

Hugs å klyppe greiner/hekk slik at bilen kjem fram.

 

Venta framdriftsplan og køyrerute

(planen er ikkje eksakt, avvik kan førekomma)

 

Alle får varsel via sms-melding eller brev før tømming.

 

Køyrerute

(Føl opplista hovudveg m/sidevegar)

Veke 22 – 26: Siglevik – Våge sentrum – Vegkryss Gåsevik – Lukksund

Veke 27 – 29: Lunde vegkryss til Onarheim – Hodnanes

Veke 30 – 31: Hodnanes – Søreide vegkryss til Reksteren

Veke 32 – 36: Reksteren

Veke 37 – 38: Søreide vegkryss Reksteren – kommunehus Uggdal - Onarheim

Veke 39 – 40: Kommunehus – Lande – Våge sentrum

 

Det er eiga rute for tankar som må tømmast med traktor.

 

Spørsmål

Kontakt Svein Klungtveit AS på tlf. 52 79 29 70 dersom du vil vita meir nøyaktig kva tid din septiktank skal tømmast.