![skatteetaten[1]](https://img8.custompublish.com/getfile.php/4729855.2288.kkutu7zqpljt7a/496f283/6326358_4729855.jpg)
Skatteetaten overtek oppgåver frå skatteoppkrevjaren
Frå 1. november 2020 tek Skatteetaten over ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene som kommunen har i dag.
Skatteetaten vil med dette få eit heilskapleg ansvar for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skatter og avgifter. Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjaren (kemner) i kommunen.
Meir informasjon vil bli lagt ut på www.skatteetaten.no.
Oppgåvene som vert overført til Skatteetaten i november er mellom anna handsaming av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytt til skattekrav, skatteattester og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.