Reguleringsplan Malkenes

Reguleringsplan Malkenestangen til offentleg ettersyn

LANDBRUK/TEKNISK vedtok i møte 4.12.2018  å legge Reguleringsplan for Malkenestangen ut til offentleg ettersyn.

 

Føremålet med reguleringsplanene er å leggje til rette for 6 stk. nye fritidsbustadtomter med tilhøyrande trafikkareal og grøntområde.  Ein opnar for at det kan førast opp konsentrerte fritidsbustader med maks 2 einingar i kvar på to av tomtane.  I tillegg er det 8 stk frådelte tomter i området i dag som det ikkje er bygd på endo.  Ein vil leggje til rette for at desse kan byggjast ut.  På ein av dei eksisterande tomtane vil ein leggje til rette for etablering av einesbustad.  Planen vil ikkje legge opp til utbygging av nye fritidsbustader, naust eller kai-/bryggjeanlegg i strandslina, men ein vil regulere inn eit båtfeste og moglegheit for å føre opp ein gapahuk/grillhytte eller liknande og sittebenker i strandsona.

Merknader kan sendast til post@tysnes.kommune.no innan 14.2.19.

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal