
Reguleringsplan for Svarvahella hyttefelt godkjend
Detaljregulering for Svarvahella hyttefelt er vedteke.
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Tysnes kommunestyre 24.september 2020, sak PS 64/20, vedtatt følgjande reguleringsplan:
Svarvahella hyttefelt.
Føremålet med planframlegget er å legge til rette for fortetting og vidare utbygging av fritidsbustader i areal som i kommuneplan er avsett til fritidsbustader.
Planframlegget omfattar følgjande dokument:
Planomtale, datert 22.06.2020
Føresegner, datert 22.06.2020
Plankart
Planvedtak PS 64/20.
Planvedtaket kan påklagast, jf. Forvaltningslova § 28.
Eventuell klage må vere skriftleg og skal sendast til:
Tysnes kommune,
Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal
eller som e- post til post@tysnes.kommune.no
Klagefrist er sett til 29.oktober 2020.
Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15- 3, og krav om innløysing etter § 15- 2, må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa eller når bebyggelse er fjerna.