Pressemelding

Ope møte med kommunestyra i Fusa, Tysnes, Austevoll og Os

Tysdag 10. november deltek kommunestyra i Fusa, Tysnes, Austevoll og Os på eit felles møte i Oseana kunst- og kultursenter. Tema for møtet er kommunereform og kommunesamanslåing.

Det er rikeleg med plassar òg for andre interesserte tilhøyrarar denne kvelden.

Ordførar i Os, Terje Søviknes, innleier, før Telemarksforsking presenterer rapporten «Bjørnefjorden-kommune: Utgreiing av føresetnadar for ein ny kommune».
Deretter vil det vere ope for spørsmål og kommentarar frå kommunestyremedlemmane og andre i salen. Til slutt vil dei fire ordførarane kommentere rapporten.

Møtet startar klokka 18.00 og varer til om lag klokka 20.30.

Vel møtt!

For meir informasjon, ta kontakt med ass. rådmann Paul J. Manger på telefon  47 88 11 37 eller pjm@os-ho.kommune.no.