Vasskran

Planprogram - kommunedelplan for vatn, avløp og vassmiljø.

Tysnes kommune har i kommunestyre sitt møte 13.desember d.å. gjort vedtak om å leggja planprogram for kommunedelplan for vatn, avløp og vassmiljø ut til offentleg høyring.

Planframlegget vart kunngjort i Bladet Tysnes 22.12 .d.å. Alle dokument i saka er lagt ut til offentleg ettersyn i resepsjonen.

Merknader til planen kan sendast til Tysnes kommune, Uggdalsvegen 301, 5685 UGGDAL, eller på epost til post@tysnes.kommune.no innan 2.2.2017.