korona kvit bakgrunn

Påvist smitte av covid19

Oppdatertert informasjon om smittetilfelle på Tysnes.

Det vert vist til varsla tilfelle av covid19 smitte på Tysnes i går. Alle nærkontaktar til vedkomande er registrert og det vart gjennomført test av desse i går. Me har på noverande tidspunkt ikkje fått svar på alle prøvane, men dei testane som er avklara har vore negative.

I dag vart det registrert 2 nye smittetilfelle av covid19. Dette er personar som er busett i anna kommune, men har testa seg på Tysnes. Dei smitta  er i karantene på fritidsbustaden sin. Smittevegen er kjent og det er ingen registrerte nærkontaktar knytt til desse smittetilfella på Tysnes. 

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal