Oppdatert informasjon frå Tysnes kommune

Størstedelen av Tysnes har no fått straumen tilbake og ein arbeidar kontinuerleg med å få retta resten. Flatråker, Hodnanes og Skjeljavik vert liggjande utan straum inntil vidare.

Telefonnett/mobilnett skal vera i tilnærma normal drift. For legevakt ring som vanleg 53474000. Ved trong for akutthjelp skal nødnummer nyttast som vanleg.

Lokal legevakt er tilbake som normalt på rådhuset.

Skule og barnehage held ope som normalt jmf. elles melding om skuleskyss.

Om det er nokon som av andre grunnar har trong for kontakt med kommunen, kan ein ringa 53437020