Nær 400 brannstasjonar over heile landet inviterer til open brannstasjon i samband med Brannvernsveka – og tidspunktet er ikkje tilfeldig. Haustsesongen markerer nemleg starten på den tida av året der vi brukar meir straum og levande lys, og talet på bustadbrannar aukar ofte.
Lørdag 21.September inviterer Tysnes brann og redning små og store til open brannstasjon🚒🚑🚓
Der vil det bli mange kjekke aktivitetar som:
- Kunnskapsløype
- Spyling med brannslange
- Og mulighet til å sitja i ein brannbil👍🚒
Dersom dei andre naudetatane ikkje er på oppdrag, kan det hende dei kjem innom med sine bilar og utstyr.
Sett av datoen, dette blir ein kjekk dag.
Adresse: Hollekjevegen 155
Klokkeslett blir: 12:00 – 14:00
Øving gjer meister
Skular, barnehagar og mange verksemder har krav på å gjennomføre jamlege brannøvingar. Det same kravet gjeld ikkje i private bustadar, sjølv om dei fleste farlege brannar oppstår nettopp der. Årlege øvingar der ein bur bidreg til at fleire veit kva dei skal gjere om ulykka først er ute. Det blir derfor oppmoda til at alle melder seg på den nasjonale brannøvinga. Sjå meir om dette og meld dykk på her: www.brannøvelse.no
Tips til brannøving heime:
Ein brannøving treng ikkje vere komplisert eller innebere fysisk evakuering. Det er ofte lurt å starte med ein prat om korleis ein kan unngå brann, og kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne.
- Ta ein prat med heile familien, f.eks. ved middagsbordet, om kva ein skal vere ekstra påpasseleg med for å unngå brann.
- Snakk om kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne. Kva om det byrjar å brenne medan ein søv? Høyrer alle røykvarslaren? Tenk gjennom ulike scenario. Kva om det brenn i trappa? Kva er alternative rømningsvegar ut? Er det små barn, avtal gjerne kven som har ansvar for kva barn, og snakk med barna om at dei ikkje må gøyme seg om det blir dramatisk.
- Bli einige om ein trygg møteplass ute som alle kjenner godt, for eksempel ved postkassa eller det store treet på motsett side av vegen.
- Sjekk ulike rømningsvegar og at dei fungerer. Klarer alle å kome seg ned brannstigen?
- Sjekk at røykvarslarane fungerer som dei skal.
- Vit kvar brannsløkkeutstyret er plassert og korleis det skal brukast, og sjekk at det ikkje er gått ut på dato.
- Evaluer øvinga etter gjennomføring. Oppdagar de at ting ikkje fungerer som tenkt, er det viktig å justere planen og rette eventuelle feil.
Om Brannvernsveka
Brannvernsveka er eit samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) Gjensidigestiftelsen, samt brannvesen over heile landet.
Les meir om Brannvernsveka på https://brannvernforeningen.no/aktuelt/kampanjer/brannvernuka
Kontaktperson frå brannvesenet
For spørsmål om den nasjonale Brannvernsveka og den nasjonale brannøvinga, kontakt:
Tor Erik Skaar, kommunikasjonsrådgjevar i Brannvernforeininga
Tlf: 91 72 43 06 / e-post: tes@brannvernforeningen.no