Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Elsaker

Offentleg ettersyn - endring av reguleringsplan Elsakervågen

Høyringsfrist  23.07.2020

 

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) §§ 12-10 og 12-11 legg formannskapet detaljregulering for gnr. 154 bnr.18m. fl., Elsakervågen, Onarheim, Tysnes kommune ut til høyring og offentleg ettersyn

 

Merknad til planframlegget kan sendast post@tysnes.kommune.no eller

Tysnes kommune, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Planframlegget gjeld endring av eksisterande reguleringsplan for industriområde i Elsakervågen som vart vedteke i 1976, med utvida plangrense i sjø og auka næringsareal i samband med vidaresatsing på eksisterande næringsverksemd i planområdet. Planområdet er utvida fram til reguleringsplan for Alsaker brygge sør.

Oppstart av planarbeid var godkjent av formannskapet 05.09.2017, oppstart av planarbeid ble kunngjort 06.06.2018.