Bilte av Andrea Piacquadio fra Pexels

No får du faktura frå Tysnes kommune tilsendt digitalt

Tysnes kommune sender no flest mogleg faktura digitalt. Her kan du sjå kva det betyr for deg.

Dei som har avtalegiro eller e-Faktura

Dei som allereie har oppretta avtalegiro eller eFaktura for rekningar frå Tysnes kommune, vil ikkje merke noko til endringa.  Bedrifter vil som før få faktura på EHF-format.

Vipps

Dei som ikkje har avtalegiro eller eFaktura, men som har slått på at dei vil ta imot rekningar på Vipps, vil no få faktura dit.

Digital postkasse

Dei som ikkje har avtalegiro, eFaktura eller slått på at dei tek imot rekningar på Vipps, vil få faktura til Digipost dersom dei har oppretta slik postkasse. Varsling må vere slått på slik at du får ein SMS eller e-post når du får ny post. 

Privatpersonar har rett til å reservere seg mot digital post, men kan ikkje reservere seg berre for mottak av rekningar i Digipost.

E-post

Dersom du ikkje har nokon av løysingane ovanfor, kan du få faktura på e-post. Vi må då registrere din e-postadresse i vårt kunderegister.

I posten

Kundar som ikkje har nokon av desse digitale løysingane vil fortsatt få faktura i sin fysiske postkasse.

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal