NAV Kontaktsenter kan kontaktast på telefon  55 55 33 33, mandag - fredag 09:00 - 15:00

Mottaket ved NAV Tysnes er ope for "drop-in" måndagar og torsdagar kl 09:30 - 11:30. Utover dette kan det gjerast timeavtalar måndag - fredag kl 09:00 - 15:00.

nav.no er open heile døgeret. Her kan du kontakte NAV via din aktivitetsplan, eller www.nav.no/DittNAV

Spørsmål om utbetaling av dagpengar, sjukepengar, individstønad og andre statlege ytingar må rettast til  NAV via www.nav.no/DittNAV eller NAV sitt kontaktsenter på tlf. 55 55 33 33.

Økonomisk sosialhjelp

Dersom du skal søkje økonomisk sosialhjelp kjem søknaden raskast fram ved at du søkjer elektronisk via nav.no: https://www.nav.no/sosialhjelp/slik-soker-du

Om du er i ein nød-situasjon, til dømes at du er utan pengar til mat eller manglar stad å sove komande natt, kan du utover opningstidene i publikumsmottaket ringe sosialtenesta sin vakttelefon nummer 94 87 84 51 (alle vekedagar mellom kl 08:30 – 15:00).

Dersom du ikkje får brukt det elektroniske søknadsskjemaet kan du få skjema på NAV Tysnes, eventuelt ringe og få skjemaet tilsendt

Får du arbeidsretta oppfølging frå NAV-kontoret?

Dersom du vil ha ein samtale med rettleiaren din på NAV for arbeidsretta oppfølging, må du ringe oss først på for at vi skal kunne sette av eit samtaletidspunkt for deg. Då er du sikker på at rettleiaren din er ledig og er førebudd til samtala før du kjem. Du kan også kommunisere med NAV elektronisk ved å logge deg inn på Ditt NAV, og sende meldingar til NAV via funksjonen "Send beskjed til NAV".

Har du spørsmål om ytingar frå NAV?

nav.no finn du dei riktige svara om rettar og utbetalingar, og om kor lang tid sakshandsaminga tek. Her kan du også registrere deg som arbeidssøkar, få gode tips om korleis du går fram, du kan sende søknader og sjekke kor langt saka di er komen og kor mykje du får utbetalt, i tillegg mykje anna du kan ordne sjølv

Mykje meir effektivt enn å stå i kø, ingen reiseveg og ope heile døgnet.  

Finn du ikkje svar på det du lurar på, ta kontakt NAV.

Spørsmål om pensjon?

Pensjonsekspertane i NAV svarar deg på telefon 55 55 33 34. Sjekk først om du finn det du treng på nav.no/dinpensjon.

Når du skal besøke NAV-kontoret

Ta med deg kodebrikke slik at me kan hjelpe deg med sikker innlogging på nav.no

Følgande kommunale tenester inngår i NAV Tysnes

Økonomisk sosialhjelp
Mellombels stønad til livsopphald


Kvalifiseringsprogrammet
Opplæring, arbeidstrening og oppfølging slik at du kan kome deg i arbeid og arbeidsretta aktivitet.


Opplysning, råd og rettleiing
Du har rett til å få opplysning, råd og rettleiing frå NAV som kan bidra til å løyse eller forebygge sosiale problem.


Økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving
Hjelp til å handtere gjelda di og få økonomisk rettleiing.


Startlån og tilskot frå Husbanken
Startlån, tilskot til etablering, tilskot til utbetring/tilpassing, tilskot til prosjektering.


Mellombels butilbod
Er du i ein naudssituasjon utan nokon stad å bu, kan NAV hjelpe deg med å finne ein mellombels bustad.


Flyktningtenesta
Introduksjonsprogram for flyktningar.

Økonomisk sosialhjelp

Den som ikkje har tilstrekkeleg økonomi til å dekke sine levekostnader (mat, husleige, straum med meir) gjennom arbeid, eigne midlar eller ved å gjere gjeldande økonomiske rettar, har krav på økonomisk sosialhjelp. Austevoll kommune har vedteke å halde barnetrygd utanfor ved utmåling av økonomisk sosialhjelp.          

NAV har utarbeidd ein eigen rettleiar for dei som vil søke om økonomisk sosialhjelp, i denne rettleiaren kan ein finne god informasjon om rettar og moglegheiter.

Krav om aktivitet – arbeid og aktivitetsplikt for økonomisk sosialhjelp

NAV kan stille vilkår om at du skal redusere utgifter, auke inntekter og delta i aktivitetar når du mottek økonomisk sosialhjelp.  Målet er at du skal kunne forsørge deg sjølv.

NAV kan også stille vilkår om at du

  • møter til veiledningssamtalar
  • søkjer på relevante jobbar
  • deltar på arbeidsretta kurs og tiltak      

For deg under 30 år

Dersom du er under 30 år vil NAV stille krav om at du deltek i aktivitet når du mottek økonomisk sosialhjelp. Målet er å hjelpe deg til å komme i arbeid eller utdanning slik at du kan forsørge deg selv med eigen inntekt.