Plankart

Melding om oppstart planarbeid – Alsaker brygge sør

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-8 og 12-14 vert det med dette meldt at ABO Plan & Arkitektur Stord på oppdrag for Alsaker Brygge AS.

Planen regulerer eigedomane gnr. 153/1, 153/4 og deler av 153/26 og 153/16. Den utvida nærings-aktiviteten er knytt til eigedom gnr. 153/1 og i søre del av planområdet. Det er ikkje planlagt endringar knytt til dei andre eigedomane innanfor planområdet.

Merknadar
Eventuelle kommentarar, merknader, opplysningar som kan ha innverknad eller interesse for planarbeidet kan sendast skriftleg til:
- ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord
- poststord@abo-ark.no / turid@abo-ark.no
innan 18.03.2022

Vidare arbeid
Etter at fristen for merknader er gått ut, vil ABO utarbeide eit planframlegg som inneheld planomtale, plankart og føresegner. Ferdig planforslag vil så verta sendt kommunen for handsaming. Etter 1. gangs politisk handsaming vert planframlegget sendt på ny høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil også då vera moglegheit for å koma med merknadar til planframlegget før ny politisk handsaming av planforslaget.