Garasje

Meld frå til kommunen når bygget er ferdig

Har du sett opp ein garasje, tilbygg eller annan bygning som er friteken frå søknadsplikt, må du gi beskjed til kommunen. 

Kommunen treng opplysningane for å oppdatere dei digitale karta sine. Det kjem fram av byggesaksforskriften Sak10 § 4-1 at tiltakshavar er ansvarleg for å sende informasjon om oppførte bygg til kommunen.

Send ferdig utfylt skjema til kommunen

Du gir beskjed ved å fylle ut skjemaet. (klikk på lenka for å opne og fylle ut skjemaet).

Skjemaet skal sendast til kommunen bygget er oppført i. Det må leggjast ved kart der tiltaket er innteikna og målsatt og som viser avstand til nabogrenser og anna bebyggelse.

 

 

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal