Veiskilt

Kunngjering - vedtak av 2 vegnamn og 1 bygdenamn i Tysnes kommune.

I kommunestyremøte den 15.12.2015 blei det gjort namnevedtak om at namnet Hålandsneset vert nytta som bygdenamn. Det vart fatta vedtak om endra namn / skrivemåte for 2 vegnamn:

Adressekode

Vegnamn

1063

Neshamnvegen

1095

Hopsundvegen

Etter § 10 i lov om stadnamn har dei som har klagerett jf. § 5 rett til å klage på skrivemåten. Ev. klage skal grunngjevast og sendast til post@tysnes.kommune.no, eller Tysnes kommune, Uggdalsvegen 301, 5685 UGGDAL innan 21.02.2016.