Med tilvising til kommunestyret sitt vedtak av desember 2016, eigedomsskattelova §§ 14 og 15 og sakkunnig nemnd sitt vedtak om taksten, vert eigedomsskattelista lagt ut til offentleg gjennomsyn i 3 veker frå 28.02 2017. Lista viser samtlege eigedomar med oppgjeve adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakst, skattesatsen og eigedomsskatten.
Skattelista er lagt ut i resepsjonen på Rådhuset.
Kvar eigar får samstundes med denne kunngjeringa tilsendt eit eige orienteringsskriv om takst, skattegrunnlag og eigedomsskatt.
Frist for klage er 6 veker frå 01.03.17. Klagen skal vera skriftleg, innehalda ei nærare grunngjeving og underskrive.
Eventuell klage vert å senda til:
Tysnes kommune, Eigedomsskattekontoret, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal