
Kunngjering om utskriven eigedomsskatt 2017
Skattelista for 2017 er lagt ut i respsjonen på Rådhuset
Med tilvising til kommunestyret sitt vedtak av desember 2016, eigedomsskattelova §§ 14 og 15 og sakkunnig nemnd sitt vedtak om taksten, vert eigedomsskattelista lagt ut til offentleg gjennomsyn i 3 veker frå 28.02 2017. Lista viser samtlege eigedomar med oppgjeve adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakst, skattesatsen og eigedomsskatten.
Skattelista er lagt ut i resepsjonen på Rådhuset.
Kvar eigar får samstundes med denne kunngjeringa tilsendt eit eige orienteringsskriv om takst, skattegrunnlag og eigedomsskatt.
Frist for klage er 6 veker frå 01.03.17. Klagen skal vera skriftleg, innehalda ei nærare grunngjeving og underskrive.
Eventuell klage vert å senda til:
Tysnes kommune, Eigedomsskattekontoret, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal