DCIM100MEDIADJI_0049.JPG

Kunngjering av reguleringsplan - Skår kai

I medhald av § 12-12 i Plan og bygningslova vedtok kommunestyret i møte 24.09.19 detaljreguleringsplan for Skår kai.

Føremål med detaljreguleringa er etablering av djupvasskai for havgåande fiskebåt i ein heilskapleg plan som sikrar ålmenta friluftsområde og tilgjengeleg strandsone, regulera areal avsett til næring i kommuneplan saman med løysingar for veg, parkering, naustmiljø og småbåtanlegg mv. innanfor planområdet.

Kommunestyret sitt vedtak kan i medhald av Plan og bygningslovas §§ 1-9 og 12-12 samt forvaltningslova kap. VI, påklagast til departementet.

Ein eventuell klage må fremmas skriftleg og sendast Tysnes kommune, post@tysnes.kommune.no eller Tysnes kommune, Rådhuset, Uggdalsvegen 301 5685 Uggdal innan 3 veker frå denne kunngjeringa.