Kulturskule

Kulturskulerapport Tysnes kulturskule 2016 – 2020

Høyring

I samband med  budsjetthandsaminga i juni 2015, vedtok kommunestyret å oppretta ei prosjektgruppe som skulle utarbeida ein plan for kulturskulen. Gruppa skulle gjera ei totalvurdering av kulturskulen og koma med innspel til framtidige satsingsområde, gjerne i eit 5 års perspektiv. Planen skulle òg innehalde ei totalvurdering av kostnadar og ressursbruk, derunder vurdering av aktivitetar til sjølvkost.

Prosjektgruppa har no levert den ferdige rapporten og sender planen ut på høyring.

Høyringsfristen er sett til 29.04.16.

Høyringsinnspel og merknader kan sendast elektronisk til post@tysnes.kommune.no eller pr. post til Tysnes kommune, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal.

Høyringsinnspela vil verta handsama i Tenesteutvalet og vert deretter handsama og vedteke i kommunestyret i Tysnes.

Eventuelle spørsmål kan rettast til: Aud.kaldefoss@tysnes.kommune.no tlf. 53437053.