Kulturprisen 2022

 

Kulturprisen 2022 går til Knut Rage for hans verksemd som historieskrivar og kulturformidlar.

Knut Rage var biblioteksjef i Tysnes kommune frå 1998 til 2016. I denne perioden var han også redaktør for Sunnhordland Årbok (2007-2012) og redaktør for Sogeskrift for Tysnes (2002-2004).

Som biblioteksjef var han med å skipa over 30 føredrag i det svært populære Sundagsakademiet. Lokalt var han ein viktig formidlar av forfattarskapen til Johannes Heggland. Han var mellom anna med å arrangera Heggland-seminaret i 2005, han bidrog til minneskriftet om Heggland og han var leiar i prosjektgruppa til 100-årsmarkeringa av Heggland, fram til han gjekk av med pensjon i 2016

Rage står bak eit omfattande lokalhistorisk forfattarskap, med ei rekke artiklar, småskrift og bøker. Desse har vore viktige bidrag til å gjera vår felles historie kjent for eit større publikum. Rage har hatt teft for dei gode forteljingane og har tatt opp emne som elles ofte har vore oversett.

I romanform har Knut Rage løfta fram kvinneskjebnane til Cilla Gad, Margrete Ibsen og den mystiske Ada på Solstråleøya.

Knut Rage har vore ein føregangsmann når det gjeld digital formidling. Knut var ein tidleg bidragsytar til TysnesNettet, saman med Kolbjørn Tvedt og Gerhard Stoltz. Som biblioteksjef gjennomførte han digitaliseringa av Lokalhistorisk biletsamling og starta samtidig opp Tysnes før i tio, saman med Olav Skjellevik. Facebookgruppa har vore ein gedigen suksess med over 5000 medlemmer i skrivande stund. Som biblioteksjef brukt Rage aktivt blogg-formatet, i ei tid då digital formidling på sosiale plattformer framleis var ukjend grunn for mange folkebibliotek.

Rage har også vore ein viktig bidragsytar til nettstadane Lokalhistoriewiki og Heimskringla, der han no mellom anna omset norrøne kjeldetekstar, edda- og sagalitteratur. Dette er eit svært viktig arbeid i tilgjengeleggjeringa av den nordisk kulturarven. Knut Rage er ein dyktig kurs- og føredragshaldar og har vore nytta i heile regionen. Han har også vore ein populær og svært kunnskapsrik lokalguide.

 På bakgrunn av dette får Knut Rage Tysnes kommune sin kulturpris for 2022.