Folkehelseinstituttet tilrår at personar over 75 år får 3. oppfriskingsdose (5. dose). 

Personar over 75 år som ikkje har hatt covidsjukdom, eller som har underliggande sjukdomar, er særskilt tilrådd vaksinering. Særskilt tilråding gjeld også for dei som manglar tidlegare vaksinedosar. Desse får tilbod om innhenting av manglande vaksinasjon (dose 1, 2, 3 eller 4).

Det bør vere minimum 6. mnd mellom 4. og 5. vaksinedose, og 3 - 4 mnd. mellom gjennomgått koronasjukdom og vaksinering. På vaksinasjonsdagen må ein vere feberfri og utan hoste eller andre luftvegssymptom.

Bestill vaksine på legekontoret


Ønskjer du koronavaksine, kan du ta kontakt med Tysnes legekontor: 53 43 70 80