2017 val

Kommunestyre- og fylkestingsutvalet 2019

Her kan du røysta på valting!

Det blir halde val på medlemer til kommunestyret og fylkestinget måndag 9. september 2019.

Du har røysterett ved vala dersom du er norsk statsborgar og har fylt 18 år innan utgon­gen av valåret og du ikkje har mista røysteretten etter Grunnlova § 53 og du er, eller no­kon gong har vore, folkeregisterført som busett i Noreg. Tilsette i diplomatiet eller kon­sulatvesenet og deira husstand har røysterett uavhengig av vilkåret om nokon gong å ha vore folkeregisterførte som busette i Noreg

Du må dessutan stå i manntalet i ein kommune på valdagen.

Røystestader og kor langt røystekrinsane rekk:

1. Uggdal
Rådhuset gnr. 57 til og med gnr. 71 + tidlegare Søreide skulekrins.
Flatråker for gnr. 1 til og med gnr. 12. Kongsvik tidlegare skulekrins.
Amland for gnr. 29 til og med gnr. 44.

2. Reksteren
Idretts- og kulturbygget for gnr. 45 til og med gnr. 55 og Bruntveit- og Kaldefoss skulekrinsar.

3. Tysnes
Tysnes bedehus for gnr. 86 til og med gnr. 106 og gnr. 56.

4. Lunde
Lunde bedehus for gnr. 107 til og med 124.

5. Onarheim
Onarheim skule for gnr. 138 til og med gnr. 142 og gnr. 150 til og med 153 og Anuglen og Solheimsdalen tidlegare skulekrinsar. Gnr. 128 til og med gnr. 137. Gnr. 154 + Skjellevik og Skorpen tidlegare skulekrinsar.

Opningstid for alle røystelokala: Frå og med kl. 10.00 til og med kl. 19.00.

Hugs å ta med legitimasjon og ta gjerne med valkortet!

 

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal