Kommune- og fylkestingsvalet - Førehandsrøysting
Dersom du ikkje kan møta fram i røystelokala på røystingsdagen, kan du røysta på førehand frå og med måndag 12. august i Tysnes.
Dersom du ikkja kan møta fram i røystelokala på røystingsdagen, kan du røysta på førehand. Du kan førehandsrøysta i den kommunen du sjølv ønskjer. Dersom du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du er innført i folkeregister, må du hugsa på at røysta skal nå fram til heimstaden gjennom posten innan tysdag 10. september kl. 17.00.
Du kan røysta på førehand frå og med måndag 12. august i Tysnes.
Førehandsrøystinga skjer i fellestenesta på rådhuset:
Opningstider: 12.08 - 06.09.19: Måndag - fredag: kl. 09.00 - 15.00.
Utvida opningstider:
Laurdag 31.08.19 kl. 10.00 - 16.00
Torsdag 05.09.19 kl. 15.00 - 19.00
Siste frist for førehandsrøysting er fredag 06. september kl. 15.00.
Hugs valkort og legitimasjon! Alle som står i folkeregisteret vil få brosjyren tilsendt, før den ordinære førehandsrøystinga tek til 12. august.