Barn på skøyter

Kartlegging og verdsetting av friluftsområder

Tysnes kommune ønskjer hjelp frå friluftsinteresserte innbyggjarar for å auke kunnskapen om område nytta til friluftslivsføremål, og såleis ta vare på befolkninga sine moglegheiter til å drive eit variert friluftsliv, både i nærmiljøet og i naturen elles.

Tysnes kommune har i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og Hordaland fylkeskommune starta opp prosjektet «Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder». Medlemmer i arbeidsgruppa: Marianne Jetmundsen, Laila Jane Hope, Tore Økland, Ole Christian Kjerrgård og Vibeke Øxnevad Stoltz. Prosjektet er starta av Miljødirektoratet og målsettinga er at alle kommunar i Noreg skal ha gjennomført kartlegginga før 2018.

Resultatet av arbeidet er eit temakart som viser dei registrerte friluftsområda og kva bruk områda vert nytta til. Gjennomføring av prosjektet vil mellom anna generere nyttig bakgrunnsinformasjon for sakshandsaming og planlegging i kommunen. Kunnskap om friluftsliv vil òg vere viktig for kommunen når det gjeld prioritering av ressursbruk, tilrettelegging og motivering til friluftslivsaktivitet.

Det er viktig å fastslå at dette er ei temakartlegging, og ikkje ein juridisk bindande plan. Arbeidsgruppa har ikkje teke omsyn til eigedomsførehald eller andre interesser i områda når dei har vorte kartlagt. Kjennskapen til dei største og mest brukte friluftslivsområda i kommunane er allereie god, men prosjektgruppene ønskjer òg å kartlegge dei mindre og meir ukjente områda. Det kan handla om badeplassar, akebakkar, skøytevatn, klatreområde, snarvegar, leikeområde for ungar osb.. Innbyggarane i Tysnes  sit med mykje kunnskap om friluftslivsområde i kommunen, og prosjektgruppa håper at dei tek seg tid til å kome med innspel til karta som no er lagt ut på kommunen si heimeside.

Me ønskjer hovudsakeleg tilbakemelding på om nokre område har vorte utelatt, eller om avgrensinga av områda er feil. I tillegg ynskjer me å vite noko om kva området vert brukt til, når på året det vert mest brukt, korleis området ser ut, og om det har spesielle kvalitetar. Det er òg ønskjeleg med tilbakemeldingar på eventuelle manglar og forbetringspotensial. Frist for innsending av svar er 18.12.16.

Kontaktperson: Vibeke Øxnevad Stoltz
Tlf: 53 43 70 21
E-post: vibeke.stoltz@tysnes.kommune.no
Frist for innsending av svar: 18.12.16