27. nov. 2020 kl. 14:50

Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Bilete av Lucie Liz frå Pexels

Julegåveaksjon

Tysnes Frivilligsentral og barnevertenesta har starta ein julegåveaksjon for å gje trengande litt ekstra i jula.

Det nærmar seg jul og barnevernet/frivilligsentralen vil også i år setje pris på ei gåve til trengande på Tysnes.

Coronaviruset har gjort at arbeidsløysa har stege på Tysnes, så vi har fleire familiar som treng litt ekstra denne jula enn tidlegare.

 

Dersom du ønskjer å bidra kan du finne meir informasjon her: Tysnes Frivilligsentral på facebook,

eller ta kontakt Tysnes Frivilligsentral:

Per Verner Aase
E-post: per.verner.aase@tysnes.kommune.no
Tlf: 995 65 928

Trine-Lise Aasen
E-post: trine.lise.aasen@tysnes.kommune.no
Tlf: 902 29 099