Dato: 6. desember
Klokka: 09:00
Sted: Rådhuset

I byrjinga av 2024 vil Tysnes kommune lyse ut kontraktar for brøyting og salting av kommunale vegar.

Me ønskjer innspel frå potensielle tilbydarar, på t.d. rodeinndeling, type materiell, kontraktsform og godtgjersle.

Me ynskjer å finne ei kontraktsform som gjer det føreseieleg og trygt for begge kontraktspartar og eit tilfredsstillande resultat for innbyggjarane.

Alle som kan være interessert i brøytekontrakt vert oppmoda om å møta.