Adressering

Høyring - Stadnamnsak 2015/14 i Tysnes Kommune

I samband med handsaming av nye adressenamn i Tysnes kommune vart det reist namnesak for ein rekkje stadnamn, naturnamn og gards- og bruksnamn.

Adressenamn som avleidde namn må følgje den stavemåten som blir vedtatt i stadnamnsaka. Alle adressenamn som inneheld namn som er berørt av namnesaka må setjast på vent.

Lokale lag og organisasjonar og grunneigarar til bruksnamn har uttalerett i saka og får høyringsbrev tilsendt direkte.

Kommunen har også rett til å uttale seg i saka og dersom De har merknad og dokumentasjon til skrivemåte av nedanfor opplista namn som skal takast med i uttale til Kartverket, ber me om å få det tilsendt innan 15.03.2016.

Stadnamnsak omfattar 22 namn med avleiingar:

Erling Gurvin reiser namnesak for eitt namn med avleiingar:

  • Vee/Ve (gnr. 89 og 90)

Tysnes Kommune reiser namnesak for eitt namn med avleiingar:

  • Skiparvik/Skipavika (gnr. 103)

  • Skiparvika/Skipavika (vik)

Kartverket reiser namnesak for nokre naturnamn og gards- og bruksnamn som òg har vorte aktuelle i samband med adresseringsarbeidet i Tysnes kommune:

Hope (namnegard, gardsnr. 78 og 79)

Dalen/Dalsgård/Dalsgard (gnr. 83)

Natavika/Natavik (gnr./bnr. 99/13)

Bårdsundet/Bårdsund (sund)

Stora Godøya/-øyna/-øyna/-øyo/-øy

Vetla Godøya/-øyna/-øyo/-øy

Teistøya/-øyna/-øyo/-øy

Flatøya/-øyna/-øyo/-øy

Koløya/-øyna/-øyo/-øy

Sandsøya/-øyna/-øyo/-øy

Vattarøya/-øyna/-øyo/-øy

Seløya/-øyna/-øyo/-øy

Midtøya/-øyna/-øyo/-øy

Tolløy/-øyna/-øya/-øyo

Fortøya/-øyna/-øyo/-øy

Vernøya/-øyna/-øyo/-øy

Litla Vernøya/-øyna/-øyo/-øy

Stora Bjørn(ar)øy/-øyna/-øya/-øyo

Vesla Bjørn(ar)øy/-øyna/-øya/-øyo

Lokal høyring

Det er Kartverket som har vedtaksrett for skrivemåten av tradisjonelle gards- og bruksnamn og for naturnamn. Før det vert gjort vedtak, har kommunen rett til å uttala seg. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til.

Vedtak for gardsnamn er etter hovudregelen retningsgjevande for skrivemåten av bruksnamn som er identiske med gardsnamnet, og for bruksnamn der gardsnamnet inngår som en del av namnet, jf. § 8 i lov om stadnamn.

Saker som gjeld bruksnamn, skal eigaren eller festaren få tilsende direkte av kommunen. Det går fram av vedlagde namnesaksskjema kva bruk dette dreier seg om.

Endring i lov om stadnamn

1. juli i år kom det endringar i § 6 i lov om stadnamn som gjev grunneigarane rett til å bestemma skrivemåten av eige bruksnamn dersom dei kan dokumentera at skrivemåten har vore i offentleg bruk (på offentleg kart, på skilt, i matrikkel, skøyte eller liknande). Det er framleis Kartverket som formelt vedtek skrivemåten, men dersom grunneigaren ynskjer ein annan skrivemåte enn den Kartverket vedtek, kan han/ho gjera krav på det, og leggja ved slik dokumentasjon.

Normeringsprinsipp og saksgang

Etter § 4 i lov om stadnamn er hovudregelen å ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen og fylgja gjeldande rettskrivingsprinsipp ved normering av stadnamn. I rettleiinga til forskrift om skrivemåten av stadnamn er det meir detaljerte føresegner om korleis stadnamn skal normerast. Skrivemåten i primærfunksjonen skal normalt vera retningsgjevande for skrivemåten av det same namnet i andre funksjonar, t.d. for adressenamn som er like eller avleidde av namnet, jf. § 4 andre ledd. Kommunen må difor setja ev. pågåande saker som gjeld avleidde adressenamn og adressetilleggsnamn som kan påverkast av denne saka på vent til det er gjort vedtak om skrivemåten av primærnamna, og ta omsyn til den vedtekne skrivemåten av primærnamnet når dei skal gjera vedtak om avleidde namn.