Logo Kystverket

Høyring – Forslag om oppheving av lokal fartsforskrift for Lukksund i Tysnes og Fusa kommunar i Hordaland

Kommunestyra i Tysnes og Fusa har i møte 28. oktober 2014 og 7. januar 2015 uttalt at forskrift 3. august 1951 nr. 3032 om innskrenket fart på strekningen Moseknappen lykt – Einigeviken i Loksund, Tysnes kommune, Hordaland kan opphevast.

I samsvar med dette ønskjer Kystverkets hovudkontor å sende på høyring forslag om forskrift om oppheving av forskrift om innskrenket fart på strekningen Moseknappen lykt – Einigeviken i Loksund, Tysnes kommune, Hordaland, jf. forvaltningslova § 37.

Høyringsfristen er 1. februar 2016. Eventuelle uttalingar skal sendast til Kystverkets hovudkontor med e-postadresse post@kystverket.no eller postadresse Kystverket, Postboks 1502, 6025 Ålesund. 

Høyringsnotat PDF document ODT document