"Kirsten Nesse er vald som mottaker av prisen og dei som nominerte henne framhever hennas innsats som frivillig m.a med dette:
- for dei busette flyktningane på Tysnes som leksehjelp, matlagingshjelp og flyktningvenn
- som besøksvenn for dei eldre på Tysnes
- som deltakar i turgruppa, torsdagsklubben
Ho er ei dame som stiller opp på ulike arenaer i samfunnet vårt , men har og gitt av sitt engagement under Afrikas himmel. Fleire opphald i Afrika som lærar og som medhjelpar for Frøydis Norbustad sitt arbeid.
Når me i kyrkje og Bedehus treng hjelp til andaktar, klokkeringing, kyrkjetenararbeid i gudsteneste, ved bryllup og gravferd stiller ho så sant ho er heime.
Stillefrdig, trufast og nærverande i si teneste.
Treng ho sjølv påfyll finn ho dette ofte i retreatbevegelsen saman med vener.
Kirsten Nesse er engasjert, uredd, kunnskapsrik, er opptatt av å få eit ope samfunn og har bidrege generelt til at folk skal ha eit godt liv.
Mange set utruleg pris på at ho høyrer til hos oss.
I aller høgste grad fortener ho ein pris som symbol på vår takk."
Jannike E. Dalland m/familie og Merete Kristiansen var også nominert.
Styret i Tysnes Frivilligsentralen, som er jury, gjev stor ros til desse 2, som har og gjer ein fantastisk innsats.
Prisen vert delt ut torsdag 15. desember. Arr vert i Tysnes Bedehus med start kl 14.30. Det vert m.a innslag med song frå Tysnes Barnekor. Arr er ope for alle som vil delta og er gratis.