Prisvinnarane

Frivilligprisen 2015

Torsdag 7 januar 2016 kl 18.00,  var det overrekking av Frivilligprisen 2015.

Prisvinnarane var Solveig og Hans Skaten

Utdelinga fann stad på Frivilligfest hos Laukhamar Fritid.

Det var styreleiaren i frivilligsentralen, Egil Berge som stod for utdelinga.

Han sa m.a. dette i talen sin:

"Styret si grunngjeving er mellom anna.

Solveig og Hans Skaten har gjennom år gjort eit stort frivillig arbeid på mange område i ulike frivillige lag og organisasjonar i kommunen.

Solveig har gjort eit stort frivillig arbeid innan kyrkja og kristeleg organisasjonsliv. Ho har i mange år drive søndagskule både i Flakkavågen, Onarheim og i Londabygdo.

I og rundt kyrkja på Onarheim har ho vore engasjert i det meste, som å steppa  inn som kyrkjetenar/klokkar, pussa kyrkjesylvet stelt og rydda både ute og inne i kyrkja.

Mange er dei lefsene ho har baka saman med Hans og donert julemesser og liknande.

Solveig har i mange år vore besøksven både på gamleheimen og sjukeheimen.

Hans er også kjent for eit allsidig frivillig arbeid. Første gongen eg møtte Hans og lærte han å kjenna var då eg som ungdom vart med i Onarheim Musikklag der Hans var dirigent.

Elles er han kjent som organisten som alltid tek spelejobben når det trengst. Det er vel ikkje eit einaste offentleg orgel i kommunen han ikkje har spelt på når det gjeld kyrkjer og bedehus.

Hans er snikkar og ikkje berre snikkar men han er ein kunstnar i faget sitt. Tysnes har mange frivillige organisasjonar som misjonsforeiningar, idrettslag, bygdalag og liknande som har motteke donasjonar av vakkert trearbeid til basarar og messer.

Han har også vore med å rydda og stelt i stand gamle ferdselsstiar i nærområdet som eg veit no er mykje i bruk.

Solveig og Hans har i mange år bidrege med ulikt frivillig arbeid både saman og kvar for seg. Men dei er som oftast å sjå ilag. Begge med godt humør. Solveig med sitt hjartelege breie smil og Hans med eit litt underfundige smil og med glimt i augo.»

Ordføraren kom også med helsing til prisvinnarane og takka for det frivillige arbeidet som dei har gjort for Tysnessamfunnet.

Grete Barmen takka også prisvinnarane og sa ho var særs glad for at akkurat dei hadde fått prisen for 2015. Ho kom inn på det gode samarbeidet som ho har hatt med dei begge og særligt Hans i kyrkjeleg samanheng.

Etter prisutdelinga var det middag som bestod av Pinnekjøtt m/tilbehør, kaffi og karamellpudding.

Det vart også framført song og små forteljingar av Ingvar Moe.

Dei frammøtte gav uttrykk for at det hadde vore ei fin samankome.

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal