
Førebyggande heimebesøk
Tysnes kommune har gjort vedtak om å tilby årleg førebyggjande heimebesøk til personar i aldersgruppa 77 år.
Målet med heimebesøket er å informera om tilbod som finst i kommunen, om enkle førebyggjande tiltak, og å gjera ein vurdering av brannrisiko i bustad.
Heimebesøket vert gjennomført tverrfagleg av:
- Brannsjef Torfinn Kongsvik
- Ergoterapeut Inger Børve
- Fagsjukepleiar Margrete Klemmetsby.
Tidsramme og tema
Tidsramme pr. besøk er lagt til ein time, og du er med på å bestemme tema for samtalen.
Tema for samtalen kan for eksempel vere
- korleis er kvardagen din
- brannførebyggjande tiltak
- enkle hjelpemidlar kommunen kan tilby
- kosthald og fysisk aktivitet
- aktivitetstilbod i nærmiljø
Dei som er i aldersgruppa vil få brev
Det vert årleg sendt ut brev til alle som er i aldersgruppa i kommunen med tilbod om heimebesøk.
Smittevern
Me gjer merksam på at dei som kjem vil forhalde seg til gjeldande smittevernreglar.