Overgang til ny nettsideløysing 

CustomPublish, som tidlegare har levert nettsideløysinga til kommunen, har blitt ein del av Sitevision. Difor går kommunen over til Sitevision sin plattform, noko som vil gje nettsida eit nytt og oppdatert design.

 

Kva betyr dette for innbyggjarane? 

Sjølv om nettsida får ein ny utsjånad, vil innhaldet i hovudsak vere det same. Informasjonen og dei kjende funksjonane vil framleis vere lett tilgjengelege, slik at innbyggjarane kan bruke nettsida på same måte som før.

Endringane blir innført i løpet av mai.