Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Bilde av Andres Ayrton fra Pexels

eDialog

Tysnes kommune bruker tjenesta eDialog. Det er ein sikker kanal for digital innsending av dokument, også dei som inneheld sensitive personopplysingar eller andre opplysingar underlagt teieplikt. Forsendingane blir krypterte og kommunen mottek dei direkte i kommunen sitt sak- og arkivsystem. 

Me anbefaler at eDialog vert brukt som erstatning for e-post når du skal senda inn dokumenter.

Send sikker post:

https://svarut.ks.no/edialog/mottaker/959412340

Klikk på lenkja over. Første skritt etterpå, er å autentisera deg ved hjelp av ID-porten. Ein anbefaler at du velger autentisering på sikkerhetsnivå 4.

BankID (sikkerhetsnivå 4)

BankID på mobil (sikkerhetsnivå 4)

MinID (sikkerhetsnivå 3)

Buypass ID (sikkerhetsnivå 4)

Commfides (sikkerhetsnivå 4)

Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og laster inn eventuelle vedlegg i form av pdf-filer.

Slik fyller du ut skjemaet

Velg om du er ein privatperson, innbyggjer eller om du representerer ein virksomhet. Obligatoriske felt er merka med *

Dersom innsendinga di gjeld dokument i ei pågåande sak, er det fint om du oppgjev kommunen sitt saksnummer (referanse) i tittelfeltet i skjemaet. Lag ei dekkande overskrift av innhaldet i forsendinga di.

Når du klikker på Send forsendelse, vert sendinga kryptert og den blir sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet vårt. Du får kvittering med referanseummer på e-post.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om eDialog under "sjølvhjelp" her: eDialog