17. jan. 2022 kl. 16:18

Koronainformasjon

Les mer
Illustrasjonsbilete eit barn som ser ut gjennom vindauget

Coolkids

Noko for deg?

Følelsane våre er vanlegvis gode rettleiarar som kan hjelpe oss å handla lurt og raskt i ein situasjon, men nokre  gonger kan me bli redde sjølv om situasjonen ikkje er farlig.

  • Engstelsen kan bli så plagsam at den går ut over trivselen.
  • Me kan komme inn i eit mønster der me unngår situasjonar.
  • Me får ikkje lenger til å gjere ting så bra som me ynskjer.


Dersom du kjenner deg igjen i noko av dette kan dette mestringskurset  være noko for deg!

Meistringskurs

Mestringskurset er for elevar som går  på mellomtrinnet i kommunen. Kurset vil finne stad på Tysnes skule, rett etter skuletid på fredagar (ferdig slik at det korresponderer med buss). Varer over 10 gongar med oppstart i februar. Kurset er manualbasert og vert driven av terapeutar som gjennomgår sertifisering. Programmet er basert på kognitiv åtferdsterapi.

 

På kurset kan du saman med andre på din alder lære å

  • bli meir trygg i situasjonar der du er overdriven redd
  • skilje mellom frykt som hjelper deg og frykt som skaper trøbbel
  • tenke på måtar som gjer deg meir sjølvsikker
  • trene systematisk på å takle situasjonar du ynskjer å meistre

 

Elevar frå Onarheim skule som ikkje har høve til å delta i gruppe grunna transport vil kunne få individuelt tilbod. For meir informasjon og spørsmål om kursdeltakelse  ta kontakt med kurshaldarar:


Betsy Nikolaisen

Psykisk helsearbeidar barn og unge
Betsy.H.Nikolaisen@tysnes.kommune.no

Susanna Heggland
Kommunepsykolog
susanna.heggland@tysnes.kommune.no