1 ledig tomt i Vågsmarka IV

Tysnes kommune har tilrettelagde bustadtomter for sal i nytt bustadfelt Vågsmarka VI. Til kvar tomt er det ført fram veg, vatn, avløp, straum og breiband. I tillegg er det tilrettelagt planert areal til leikeplass/ballplass. Storleiken på tomtene varierer mellom rundt 900-1700 m2.

Tomt 22 er ledige. Sjå plankart.

 

Om Våge

Vågsmarka barnehage ligg i byggefeltet i Våge. På Gjerstad finn du Tysnes skule og Tysneshallen med bibliotek, bowling og BUA, samt symjebasseng.

I tillegg til mat- og klebutikkar, finn du mellom anna leikebutikk, sparebank, frisørsalongar og restaurant. Her er også bruktbutikkar og utsalg av lokalmat.

Sentralt i Våge finn du også ungdomshus, kyrkje og bedehus.

Ferje til Halhjem går frå Våge kai. Her er det også gjestebryggje.

1 ledig tomt i byggjefelt Kattaland

Einebustadtomt 8 er ledig.
Fleirmannsbustadtomtene 1 og 2 er reservert.

Sjå plankart

 

Om Kattland / Lunde

Dette området strekkjer seg frå Lukksund til Humlevik. Bygda har m.a. eige idrettslag med lagshus og grasbane. Av kulturelle bygg, nemner me bedehus og ungdomshus.  Bygda soknar til Tysnes kyrkje.

Tomtefeltet ligg nær Lunde senter med kort avstand til butikk og barnehage. Det er ca. 9 km til Våge, som er kommunen sitt handelssenter. Tysneshallen og Tysnes skule med mellom- og ungdomssteg er lokalisert på Gjerstad, ca. 1 km frå Våge.

Feltet er solrikt og har nydeleg utsikt over Lundebygda, fjellheimen mot Såta og mot sjøen i Humlevik.