valurne

Ambulerande røysting - røysta heime

Ambulerande røysing gjer deg moglegheit til å røysta heime.

Kommune- og fylkestingsvalet er måndag 9. september.

Dersom du ikkje kan møta opp i vallokalet på valdagen på grunn av sjukdom eller ufør­leik, kan du henvenda deg til kommunen og be om å få røysta heime eller der du oppheld deg. Det er ikkje nødvendig å ta kontakt dersom du bur på omsorgssentret, der vert det arrangert førehandsrøysting.

Fristen for å søkja om å få røysta heime er tysdag 3. september 2019 kl. 10.00
 

Når du henvender deg til kommunen må du opplysa om:

  • Fullt namn, fødselsår og fødselsdato
  • Adresse
  • Telefonnummer

Dagen dette vil skje på er tysdag 3. september, og me vil ringja deg på førehand og avtala tidspunkt.

Adressa og telefonnummeret til kommunen er: Tysnes kommune, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal – tlf. 53 43 70 00