Aktivitetskalender

Lurer du på kva som skjer i Tysnes kommune?

Tysnes kommune har gjort ei avtale med Friskus om ei lokal aktivitetskalender for alle på Tysnes.

Adresse til nettstaden: tysnes.friskus.com

Tysnes kommune ønskjer at Friskus blir staden der alle aktivitetstilbod i kommunen blir annonsert. Nettstaden kan også brukast til å rekruttere frivillige til oppdrag i lag og organisasjonar.
For alle som tek imot kommunale tilskot vil det bli eit krav om å bruke Friskus til å marknadsføre arrangement og aktivitetar.

Om du har spørsmål til tenesten kan de ta kontakt med kulturkonsulenten i kommunen.

 

 

Friskus - iPhone
Friskus - Android