25. nov. 2021 kl. 16:04

Koronainformasjon

Les mer
Bilde av Mikhail Nilov fra Pexels

Endringar i tilskotsordning

Oppdatert informasjon om koronaordning for arrangement og aktivitet

  • Perioden for ordninga er utvida til 31. oktober
  • Søknadsfristen er forlenga til 15. november


Koronaordning for frivillige lag og organisasjonar

Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om tilskot i samband med arrangement og aktivitetar som er påverka av covid-19 pandemien.

Formålet med ordninga er å stimulere til gjennomføring av arrangement/aktivitet, men den gjeld også dersom ein må avlyse på grunn av restriksjonar eller råd frå myndigheitene i samband med covid-19.

Perioden for ordninga er no utvida, og gjeld frå 1. januar til og med 31. oktober 2021.
Søkarar må vere registrerte i Frivilligregisteret. 
 

Kva kan det søkast om?  

  • Støtte til meirkostnader på grunn av smitteverntilpassingar eller i samband med utvikling/tilpassing av aktivitetar. Dette kan for eksempel vere innkjøp av smittevernutstyr, kostnader til leige av større lokale, digitalisering av eksisterande tilbod eller nye aktivitetar som digitale møteplasser.  
  • Støtte til mindreinntekter frå avlyste eller delvis gjennomførte arrangement. Dette kan for eksempel vere tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter.  
  • Mindreinntekter frå anna spesifisert aktivitet avgrensa til publikumsinntekter og utleigeinntekter. Dette kan for eksempel vere museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg. Utleigeinntekter kan vere utleige av bygningar, anlegg, hytter, fartøy eller andre rom og lokale.    

 

Ny søknadsfrist er 15. november 2021.

 

Meir informasjon

Finn informasjon, søknadsskjema og rettleiing om koronaordningawww.lottstift.no 

Spørsmål?   Ta kontakt på covid@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.

Merk: For momskompensasjonsordninga er det ingen endringar, her er søknadsfristen 1. september.

Les meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonarwww.lottstift.no