Med tilvising til kommunestyret sitt vedtak av desember 2020 og februar 2021, eigedomsskattelova §§ 14 og 15 og sakkunnig nemnd sitt vedtak om taksten, vert eigedomsskattelista lagt ut til offentleg gjennomsyn i 3 veker frå 28.02 2021. Lista viser samtlege eigedomar med oppgjeve adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskatte­takst, skattesatsen og eigedomsskatten.

Skattelista er lagt ut i resepsjonen på Rådhuset. I samband med smittevern vil det vera begrensningar i oppslag. Det vert gjeven ut kopi på etterspurde gardsnummer.

Kvar eigar får samstundes med denne kunngjeringa tilsendt ein eigen skattesetel om takst, skattegrunnlag og eigedomsskatt.

Tysnes kommune vil fakturera kommunale avgifter og eigedomsskatt i 4 terminer i 2021.